LokalnyttSætrestølar

Sætrestølar i Sunnylven

Som si mastergradoppgåve samla Audun Brekke Fjeldheim i 2008 inn data om dei største og mest kjente sætrestølane i Stranda kommune.

Det vart mykje fakta kring dei gamle sætrestølane, i alt 53 store og små der mastergradstudenten såg på landskap, vegitasjon, bygningar og kulturminne, og la til eigne vurderingar og mulegheiter for utnytting av sætrane i næringssamanhang.

hellesylt.info har fått lov å presentere av stoffet,  i fyrste omgang innsamla materiale for 17 sætrestølar i Sunnylven. Sætrane blir presentert med ein kvar veke i tilfeldig rekkefylje.

 

Tronstadsætra.
Tronstadsætra.

TRONSTADSÆTRA

Av Audun Brekke Fjeldheim 

Nord: 6880350

Aust: 385600

Høgde: 620 moh

 

LANDSKAP

Sætra ligg veldig eksponert, heilt frampå kanten av ein hengande dal, som vert

avskore av Langedalen. Landskapsrommet er stort, og inkluderer den nordlige delen

av Tronstaddalen, avgrensa av Tronstadnakken. Langedalen, som opnar seg mot vest

og er meir lukka mot nord er også ein del av dette rommet.

VEGETASJON

Lyngtuer dominerer vegetasjonsbiletet på sætra, men her er også litt gras og små

bregnar nedst, og ein del mose og myr øvst på stølsvollen. Sætra ligg i overgongen

mellom høgtliggande bjørkeskog og fjellvegetasjon, men kulturmarka stikk seg ikkje

veldig ut i dette biletet. Det ligg også mykje stein rundt omkring på vollen.

 

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

I dag ligg her to bygningar, med ei lita fritidshytte frå 1999 og ei hytte, truleg frå 60-

talet, som er i noko dårlegare stand. I tillegg står her murar etter fem andre sel eller

fjøs. Eit steingjerde omrammar heile stølen, men denne er mest tydeleg øvst på stølen

(aust). Ein 2-3 meter høg varde er sett opp fremst på sætra, og er som eit lite

landemerke i området.

 

VURDERING middels

Sætra er middels lett tilgjengeleg langs ein godt merka sti, og ligg i eit fint turområde.

Opplevingsverdien av landskapet er stor og utsikta er flott, men som Tronstadsætra

har ikkje stor verdi som sætermiljø. Verken vegetasjon eller bygningar vitnar om

typisk sæterdrift, men ein kan framleis sjå korleis strukturen på sætra har vore.

 

MULIGHEITER

Potensialet for å starte med ulike næringar eller utbygging i området er nokså

avgrensa. Ved eventuell utbygging må ein ta omsyn til at sætra er svært godt synleg

frå dalen nedanfor.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380