Seminar om kjekjøt
Kommunane Stranda og Norddal, The Happy End og fylkesmannen arrangerer seminar om kjekjøtt 28.-29. april i Norddal.
Bakgrunnen for seminaret er at fleire og fleire geitebønder ynskjer å fôre fram kje, men det er knytt mykje usikkerheit til lønsemda og marknaden for småkje. Det er likevel ein del entusiastiske geitebønder som har funne ein interessant marknad for kjekjøtt. På seminaret skal bønder og kokkar formidle sine erfaringar og vise på korleis ein kan nytte det fantastiske kjekjøttet på nye måtar.
Media er velkomen til å delta på seminaret, som skal vere på Petrines gjestgiveri.
Program finn de på denne lenka. Kontaktperson er næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune, tlf. 464 11 023.