Skipar RØFF for ungdom
Stranda Røde Kors startar Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp for ungdom, eit tilbod som blir kalla RØFF.
Linda Ludvigsen og Ellinor Fivelstad har engasjert seg for å skipe Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp, forkorta til RØFF og som er ein aktivitet under Røde Kors.
Vi møtte dei to saman med nestleiar i Møre og Romsdal Røde Kors, Per Inge Jelle på Øcal kafe Hellesylt for ein prat før skipingsmøtet på Røde Kors-huset 12. mai. Dit håper dei mange ungdomar frå Stranda og Hellesylt kjem, også foreldre for å bli informert om kva RØFF er og kva det skal drive med. Jenter og gutar i alder 13 til 16 år kan vere med i RØFF. Etter det kan ein gå over i Røde Kors Hjelpekorps om ein vil, noko Linda og Ellinor håper mange gjer.
Lag i Ørsta
For å vere medlem må ein ha betalt medlemskap i Røde Kors som kostar 150.- kroner i året. Gjennom medlemskontingenten er ungdomen også forsikra i tilfelle skader, fortel Per Inge Jelle.
Til no er det danna få ungdomslag, men i Ørsta er eitt som driv godt. Dit har Linda og Ellinor vore og samla idear og inspirasjon. I RØFF i Stranda blir det mykje friluftsliv, det blir turar i skog og mark, kart og kompass, fisking, bålkos, grilling og andre aktivitetar som er triveleg å drive med ute. I tillegg får alle eit kurs i førstehjelp, noko som er nyttig å kunne for alle.
Alternativ
Gjennom deltaking i Røde Kors RØFF skal ungdom bli kjende med Røde Kors sin organisasjon, historie, verdigrunnlag, arbeidsmetodar og aktivitetstilbod, seier dei to. Dei oppmodar alle interesserte, også foreldre om å kome på møtet 12. mai for å sjå, høyre og stille spørsmål. Ikkje alle likar å spele fotball, renne slalåm eller gå langrenn. Då er RØFF eit flott tilbod, også for dei som har tid til meir eller går lei av ball -og skiaktivitetar.
RØFF-kveldar
Ut over sommaren er det tenkt å arrangere RØFF-kveldar annakvar veke. Fyrste kveld er planlagt til 19. mai på Røde Kors si hytte på Strandafjellet. RØFF får eiga facebook- side med bilder og informasjon, fortel Linda Ludvigsen og Ellinor Fivelstad.