Lokalnytt

Søkjer etter dagleg leiar

Peer Gynt Galleriet

Kunst –og servicesenteret Peer Gynt Galleriet på Hellesylt søkjer etter dagleg leiar for sommarsesongen 2015.

Peer Gynt Galleriet er kombinert galleri og kafe som ligg på Hellesylt. Kunstgalleriet inneheld ei unik samling av trerelieff frå scener i Ibsen`s Peer Gynt, utskorne av kunstnaren Oddvin Parr. Det er investert i multimediaomvisning der ein blir leia gjennom utstillinga med lys og lydshow. Forteljaren er den kjende skodespelaren Dennis Storhøi.

Styret søkjer no etter dagleg leiar for sommarsesongen, frå mai og ut august. I utlysingsteksta heiter det at jobben er både spanande og utfordrande og omfattar leiing av drift i galleri og kafe. Saman med styret skal dagleg leiar også vere med på å utvikle, marknadsføre og selje det nye konseptet.

-Vi ser etter ein utadvent og kreativ person som ser moglegheiter. Søkjarar med ulik bakgrunn og arbeidserfaring vil bli vurdert, heiter det i annonseteksta.

Ved Peer Gynt Galleriet startar sesongen i mai og med dagleg ope ut august. Resten av året er det ope for ulike arrangement.

Interesserte kan få opplysningar om stillinga ved å kontakte:

Lena Parr, mob. 913 13 265

Jan S. Storstein, mob. 950 09 444

Randi Ansok, mob. 911 26 979

Søknad sendast snarast til: jan-seb@online.no

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380