17. desember 2025

Sprang sentrumsløpet

Deltok i Sentrumsløpet; frå venstre Hans Kristian Stadheim, Eirik Myhr Nossum, Melina Meyer Magulas
Deltok i Sentrumsløpet; frå venstre Hans Kristian Stadheim, Eirik Myhr Nossum og Melina Meyer Magulas, begge Lyn ski.

Hans Kristian Stadheim representerte Lyn ski/Sunnylven IL då han sprang Sentrumsløpet 10 km. i Oslo laurdag.

Sentrumsløpet i Oslo hadde over 11000 deltakarar av menn og kvinner som sprang 5. km. eller 10. km. Vinnarar over dei lengste distansane vart Karoline Bjerkeli Grøvdal, opphaveleg frå Innfjorden i  Romsdal, og Ørjan Grønnevig, Stavanger Friidrett.

Hans Kristian Stadheim som representerte Lyn ski/Sunnylven IL deltok i menn 23-34 år og kom i mål til tida 35.27, 5.33 bak Grønnevig. Han vart nr. 56 i si klasse og svært godt nøgd med tida i sitt fyrste Sentrumsløp.

Vi kjenner ikkje til om andre frå Sunnylven IL sprang sentrumsløpet, men hellesylt.info er interessert i opplysningar om andre frå klubben har delteke i Oslo laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →