Lokalnytt

Svingande vårkonsert

Dirigent for Sunnylven skulekorps er kulturskulerektor Trond Otto Berg
Dirigent for Sunnylven skulekorps er kulturskulerektor Trond Otto Berg

Sunnylven skulekorps gleda mange frammøtte med ein flott vårkonsert på Sunnylven samfunnshus fredag kveld.

Talet på musikarar i Sunnylven skulekorps har gått litt ned i det siste, men kvaliteten på det musikalske er likevel høg. Vårkonserten  fredag var triveleg å lytte til, bygda har eit skulekorps alle bør vere stolte av.

Under leiing av sin faste dirigent Trond Otto Berg fekk publikum seg servert eit variert repertoar med sambarytmer, jazz, Sunnylvsmarsjen og filmmusikk frå Olsenbanden. Og som ikkje det var nok etter ei lang øving tidlegare på dag framførte korpset ei suite samansett av tre musikkverk. Ein spenstig vårkonsert der det svinga verkeleg flott frå dirigent og 17 stødige utøvarar på sine messinginstrument og slagverk.

Aspirantar, frå høgre Ådne Kjellstadli, Hanne Kjellstad, Lone Ringdal. Leiar Wenche Høgalmen Ringdal.
Aspirantar, frå høgre Ådne Kjellstadli, Hanne Kjellstad, Lone Ringdal. Leiar Wenche Høgalmen Ringdal.

Rekrutteringa til korpset kunne gjerne vore større, men tre aspirantar, Lone Ringdal, Hanne Kjellstad og Ådne Kjellstadli bekrefta at det som etter kvart kjem til i eldre korpsrekker blir godt. Dei spela fire små musikkstykke under leiing av Wenche Høgalmen Ringdal.

Korps 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380