Lokalnytt

Tåke hindrar hopping

Målområdet ved Helsetvatnet
Målområdet ved Helsetvatnet

Tåke på toppen av Helsetkopen hindrar basehopping for 10 -15 deltakarar inn til vidare.

Alt er klart for X2 Festivalen si nye øving, basehopping frå Helsetkopen. Det heile skulle starte kl. 10.00 etter planen, men inn til vidare går det på venting då tåke hindrar sikta på toppen av 1246 meter høge fjellet. Helikopter til å frakte deltakarane til toppen er på plass på Hellesylt, og Røde kors hjelpekorps frå Volda ventar i målområdet ved Helsetvatnet. Dei håper sjølvsagt på null skadar.

Konkurransen blir filma live og lagt ut på VG Tv seinare i kveld. Til så lenge, sjå på øvinga i havet ved Flø i går: http://www.vgtv.no/#!/video/111035/ekstremsportfest-i-volda-dette-er-livsglede

Tåke 2

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380