Triveleg Vårtreff

Vårtreff 1

Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag gjekk saman om å arrangere Vårtreff for sine medlemar. Det vart trivelege timar for mange frammøtte.

Tida gjekk fort på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag. Der ønska leiar i Pensjonistlaget, Astrid Langeland vel møtt med ord frå diktaren Bjørnstjerne Bjørnson. Også dei to laga hadde valt seg april som diktaren, sa Astrid. Snøbygene ute hindra ikkje eit godt frammøte med heile 66 medlemer og gjestar som sesse seg kring dekka småbord.

Det starta med song og med tonefylje frå Bjarne Sjåstad på piano, før Olav Slettebakk kåserte kring vårsongar og diktarar. Sjå eiga sak om det interessante kåseriet.

Gåtrimmen

Den Gyldne Spaserstokk er eit trimtiltak mellom Sunnylven sanitetslag og Sparebanken Møre. Formålet med gåtrimmen er å få flest mogleg ut i naturen og frisk luft, gjerne saman med andre. På Vårtreffet var det tid for premiering med nål og merker. Annvor Tryggestad frå Sparebanken Møre hadde mange merkevinnarar på arket sitt, men Sparebanken vil ha med fleire. For til slutt delte Annvor Tryggestad ut gåstavar til fire nye med oppmoding om å bli med  på gåtrimmen. Dei fire var Astrid og John Langeland, Mia Sjåstad og Ingebjørg Fivelstad.  Vi kjem tilbake med oppdatert liste over alle premierte i Den Gyldne Spaserstokk.

Gåve frå Sparebanken

Annvor Tryggestad hadde også med ei gåve til dei to arrangørlaga. Dei to var begge viktige aktørar og dyktige til å skape sosiale samlingspunkt i bygda. Det ville Sparebanken gje ei påskjønning til dei to laga for, sa Annvor Tryggestad og overrekte ei gåve på 10.000.- kroner til kvar.

Stort koldtbord

Under programmet var det også allsong med Bjarne Sjåstad på gitar, og med Rasmus Taraldset og Ragnvald Isehaug som forsangarar. Isehaug drog også opp ein Nordfjordvals på munnspelet sitt saman med Bjarne Sjåstad.

Frå leiar i Sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim fekk  Anne Gausdal overrekt sitt diplom som æresmedlem i laget, ei utmerking som forsamlinga tykte vel om og gav stor applaus. Sjå eiga sak på hellesylt.info. Til slutt var det tid for servering der alle kunne forsyne seg frå eit rikhaldig koldtbord. Deretter kaffi og kaker og åresal med trekning.

Anna Jorunn Ljøen, pensjonist ved Sunnylven omsorgssenter takka på vegne av dei frammøtte for eit på alle måtar vellukka Vårtreff.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380