Turveg rydda
Vinter og vindkast gjorde at ei trerot med fleire store tre ramla over ende og sperra turvegen, Den Trondhjemske Postvei ned til kaia på Ljøen.
Det har vore vanskeleg å forsere den store rotvelta på turvegen ned til Ljøkaia. No har grunneigar og gode hjelparar teke grep og saga vekk dei store trestammene som sperra vegen. Så den gode meldinga for alle turglade, vegen frå Nedre Ljøen til Ljøkaia er rydda og på nytt eit flott turalternativ. Takk til Rolv Arne og Rikard Ljøen, og hytteeigar Kvalsund.