Vårtreff i Sunnylven

Ved Arnegjerdet på Flofjellvegen

Ved Arnegjerdet på Flofjellvegen

At det går mot vår vitnar dei komande arrangementa i Sunnylven på med vårkonsert fredag kveld og vårtreff laurdag.

I kveld fredag inviterer Sunnylven skulekorps alle til vårkonsert på Sunnylven samfunnshus. Korpset har nok starta så smått på øvingane mot 17. mai, men kva som står på programmet fredag kveld er ikkje kjent. Det blir garantert kvikke tonar frå dei kring femten musikantane. Det blir også sal av kaffi og kaker.

På kyrkjelydshuset

Laurdag er det vårtreff på kyrkjelydshuset med Sanitetslag og Pensjonistlag som arrangørar. Der blir det sett fram eit smakfullt koldtbord, det blir programinnslag frå Olav Slettebakk og musikk av Ragnvald Isehaug og Bjarne Sjåstad. Trimmarar får sine premiar i «Den gyldne spaserstokk», eit tiltak som Sunnylven sanitetslag og Sparebanken Møre samarbeider om. På møtet får også eit medlem frå sanitetslaget ekstra merksemd, ei eldsjel i laget gjennom mange år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380