X Base (WBR) i Helsetkopen fredag

Frå konkurranse i Helsetkopen 2010 (Foto: WBR)

Frå konkurranse i Helsetkopen 2010 (Foto: WBR)

X2 Festivalen er på Hellesylt fredag og laurdag. Då blir det fjellflyging frå Helsetkopen.

Det skulle starte med kvalifisering i X Base (WBR) frå Helsetkopen torsdag. Grunna tåke og vind vart kvalifiseringa utsett til fredag morgon kl. 10.00. Seinare same dag blir det to nye rundar fjellflyging, fortel Cato Nordbakk hos arrangøren.

Finalen går laurdag om veret spelar på lag. Nordbakk kjenner ikkje eksakt antall deltakarar i fjellflyginga, men reknar med rundt femten.

Kajakkonkurranse

Også kajakktevlinga under X2 Festivalen kan bli å sjå i Bygdaelva i Steimsåsane laurdag. Om der er nok vatn i Ørstaelva vil konkurransen gå der.

Sjå også:  http://www.hellesylt.info/2015/04/x2-festivalen-til-hellesylt/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380