X2 Festivalen til Hellesylt

Ein tur i Bygdaelva i kajakk byd på visse utfordringar. (Arkivfoto frå april 2014)

Ein tur i Bygdaelva i kajakk byd på visse utfordringar. (Arkivfoto frå april 2014)

X2 Festivalen foregår frå 16. til 19. april og feirar ti år. Deler av årets program blir gjennomført i Sunnylven frå 16. til 18. april.

Programmet for årets X2 Festival foregår mest i Volda og Ørsta, men også Flø/Ervik og Hellesylt er arenaer for gjennomføring av eit innhaldsrikt program.

X2 Festivalen kjem til Hellesylt frå 16. til 18. april. Torsdag 16. april kl. 13.30 blir det avvikla kvalifiseringsrunde i X Base (WBR). Fjellflyginga foregår sjølvsagt frå Helsetkopen. Fredag kl. 10.30 og laurdag kl. 11.00 er det nye rundar med X Base.

Også X Creek (kajakkonkurranse) kan vere aktuell i Bygdaelva i Sunnylven om elva i Ørsta har for lita vassføring. Strekninga i Bygdaelva i Steimsåsane er kort, men godt eigna grunna lite stein og blankskura svaberg i botnen, har vi fått opplyst.

Den ti år gamle festivalen har sidan starten vore fylt av ekstrem friluftsglede og masse moro, og der natur og klima har stått i fokus. Under opninga av festivalen torsdag blir det miljø –og klimadebatt kring temaet; «Korleis vil ein norsk vinter sjå ut i 2050».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380