Lokalnytt

17. mai i Sunnylven

Frå barnetoget på Hellesylt i 2014.
Frå barnetoget på Hellesylt i 2014.

Sunnylven Idrottslag er arrangør av 17. mai-feiringa i Sunnylven også i år. Programmet er tradisjonelt med folkefest på samfunnshuset som avslutning på den offisielle feiringa.

Etter at bygda har heisa flagget presis kl. 08.00 startar 17. mai-feiringa i Sunnylven med at skuleelevar legg ned blomar ved minnetavla ved kyrkja over falne under siste krig. Deretter er det festgudsteneste i Sunnylven kyrkje ved sokneprest Stein B. Karstensen og der både Joyful og Sunnylven skulekorps medverkar.

Skulekorpset får som alltid ein travel fyrste del av dagen og er ein viktig aktør når nasjonaldagen blir feira på Hellesylt. Til musikk av korpset går barnetoget med unge og eldre frå kyrkja, forbi Peer Gynt Galleriet til Sunnylven omsorgssenter der det blir eit stopp med musikk og hurrarop.

Også barneleikarringen i HUL er aktiv med framvising ved omsorgssenteret og under folkefesten på samfunnshuset. Der held elevar frå 10 klasse ved Sunnylven skule tale for dagen, skulekorpset spelar, det blir andre musikkinnslag med allsong, og Per Ingebrigt Karbø les talen som bestefar hans, Ingebrigt Karbø skreiv og heldt 17. mai 1945.

Sjå programmet for 17. mai i Sunnylven her: 17. mai i Sunnylven

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380