Aktiv dag for sanitetslag

Sal av vaflar, kaffi, maiblomst og gåtrimmen jentebylgja stod på programmet til sanitetsdamene i Sunnylven torsdag. Også trimgruppa i idrettslaget var medarrangør til gåtrimmen.
Vaflar og kaffi gjekk unna då Sunnylven sanitetslag hadde stand i sentrum av Hellesylt torsdag. Fleire kjøpte også maiblomst, ei merkevare som gjev saniteten inntekter til forskning på betre folkehelse.
Størst var oppslutninga kring den lokale Jentebylgja som vart arrangert same dag i lag med trimgruppa i idrettslaget. Veret var kan hende ikkje akkurat som deltakarane hadde håpa på, men regnet heldt seg unna sjølv om det var eit kjøleg drag i lufta.
Ikkje berre unge jenter med kondis og kjappe steg, men også eldre med både gåstavar eller rullator stilte på, det var ei lett blanding av unge og eldre som la i veg frå Hellesylt stadion til Stadheim og tilbake. Nokre tjuvstarta, nokre gjekk heile ruta på om lag fem kilometer, andre tok ein u-sving litt tidlegare. Alle vart likevel registrert som gode trimmarar i den lokale jentebylgja 2015. Yngste deltakar var 3 år, eldst var nok ein gong Ingeborg Korsbrekke med sine 87.
I år var det femte gong at jentebylgja vart arrangert i Sunnylven. Etter målgang på stadion var det gratis utdeling av frukt og drikke til alle 43 som deltok.