Lokalnytt

Bølsøy i gong på turistruta

Turisferja Bolsøy var pynta til topps på opningsdagen 1. mai.
Turisferja Bolsøy var pynta til topps på opningsdagen 1. mai.

Fredag 1. mai starta gamle, gode Bolsøy på ein ny sesong som turistferje mellom Hellesylt og Geiranger.

Med flagg og vimplar svaiande i ein kjøleg vårbris var turistferja Bolsøy tilbake i ruta på Verdsarvfjorden. Kanskje enno meir staseleg enn tidlegare, nymåla i svart og kvitt, men i nytt selskap og med nye billettprisar. Den flotte båten bygd i 1971 segler no i The Fjords, det nye selskapet som skal stå for trafikken og frakt av bilar og passasjerar mellom Hellesylt og Geiranger. Også mannskapet var mykje nytt, i alle høve på opningsdagen der eit par bussar og 5-6 privatbilar var med på andre tur til Hellesylt.

Vegen over Geirangerfjellet er ikkje opna, men brøyting pågår På fjellet er der mykje snø, kom det fram i reportasje i NRK nyleg.  Når vegen blir opna for trafikk er framleis uvisst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380