Lokalnytt

Empress til kai i morgon

Empress ved kai 17. mai 2012.
Empress ved kai 17. mai 2012.

Siste om besøk av Empress.

Empress kjem til Hellesylt kai kl. 10.00 torsdag og går til Geiranger etterpå. Då har det blitt endringar grunna stengd veg over Geirangerfjellet. Driftsleiar i Stranda Hamnevesen Inge Hole melder i kveld at cruisbåten Empress kjem tilbake til Hellesylt om kvelden 28. mai og blir ved kai frå ca. kl. 20.30 til ca. kl. 22.30 om det ikkje kjem nye meldingar om endring.

Cruiseskipet Empress var det aller fyrste som la til ved Hellesylt kai i 2012. I morgon 28. mai er det tilbake for fyrste gong i år.

 

Mange huskar nok cruiseskipet Empress frå 17. mai 2012. Då vart Hellesylt cruisekai offisielt opna med korpsmusikk, gåveoverrekkingar, taler, NRK til stades og med snorklipping. Den dagen fekk dei reisande om bord på cruiseskipet også oppleve den spesielle norske tradisjonen med at små og store festkledde går i tog på 17. mai.

Ein stor og gild dag både for lokalbefolkninga og cruiseturistar. Hellesylt var i festskrud og pynta med store og små norske flagg der dei små flagga og nokre 17. mai-sløyfer i nasjonalfargar vart ettertrakta souvenir for dei reisande om bord i Empress.

Under besøket 17. mai 2012 var Empress kvitmåla. No har cruisebåten fått ein mørkeblå farge. Torsdag legg den 210 meter lange båten med 1800 passasjerar om bord til kai kl. 10.30 og går vidare til Geiranger kl. 12.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380