LokalnyttSætrestølar

Fedalen

Fedalssætra
Fedalssætra

I Fedalen ligg sætra til gardsbruka i Brekke og to på Vollset.

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

FEDALSSÆTRA
Nord: 6877800
Aust: 395400
Høgde: 683 moh
LANDSKAP
Sætra ligg veldig eksponert til i ei helling heilt fremst i Fedalen, nord for landemerket
Middagsnibba. Stølen er liten, men landskapsrommet er større, og inkluderer dalen
nedanfor, frå Vollset til Hole.
VEGETASJON
Bjørkeskogen kryp oppover og er ein trussel mot kulturmarka på stølen, som i dag er
dominert av gras, lyngtuer og bregnar. Kulturenga er mangfaldig og fargerik, men i
ferd med å gro igjen.

 

Fedalssætra 2

BYGNINGAR OG KULTURMINNE
I dag står det to sel på Fedalssætra, som er i nokså god stand. Her finst også tufter etter
ytterlegare to sel og ein fjøs. Utover dette er her ingen andre tydelege kulturminne.
VURDERING middels/lav verdi
Fedalssætra er vanskeleg tilgjengeleg frå ein lang og bratt, men godt merka sti. Stølen
er svært harmonisk i forhold til plassering i landskapet og utsikt. Gjengroing av
kulturmark og forfall av bygningar, gjer at området ikkje lenger viser seg intakt og
autentisk.
MULIGHEITER lite/middels potensiale
Fedalen og Middagsnibba er eit populært turområde og sætra kan ha eit potensial i
denne samanheng. Restaurering av bygningar og betre skjøtsel av kulturmarka, kan
føre til eit meir heilskapleg og spanande sætermiljø. Ein har godt innsyn til stølen frå
delar av dalen, noko ein bør vere merksam på ved eventuell utvikling.

 

Fedalssætra 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380