Feiring av nasjonaldagen i Sunnylven

Ungdomskoret Joyful deltok med song i kyrkja. Ved pianoet Lars Kvam Karbø.

Ungdomskoret Joyful deltok med song i kyrkja. Ved pianoet Lars Kvam Karbø.

Mange møtte fram og tok del i ei vellukka 17. mai-feiring i Sunnylven søndag. Leiar i festkomiteen og hos arrangør Sunnylven Idrottslag, Jens Vik takka alle.

hellesylt.info har i anna reportasje omtala innsatsen til Sunnylven skulekorps og flinke festtalarar under folkefesten på samfunnshuset. Også mange andre bidrog med flott innsats med programinnslag, pynting og baking slik at feiringa av nasjonaldagen vart vellukka.

Mange kom til festgudsteneste i Sunnylven kyrkje der sokneprest Stein B. Karstensen heldt preika. Her medverka ungdomskoret Joyful med solistar i vakker song, fyrst «Mitt lille land» og deretter «Til ungdomen». Organist Lars Kvam Karbø hadde tonefylje til songane på piano.

Etter gudstenesta gjekk barne –og folketoget ruta frå kyrkja om Peer Gynt Galleriet til Sunnylven omsorgssenter der pensjonærar og betjening venta utanfor. Skulekorpset spela fleire kjende nasjonalsongar / salmar før toget heldt fram tilbake til skulen. Der vart det skipa til leikar for born. Mange slappa av i det fine veret ute, andre kjøpte seg kaffi og kaker av arrangøren eller hos andre serveringsstader på Hellesylt.

Leikarringen i HUL viste danseglede under folkefesten på samfunnshuset til musikk av Felegruppa.

Leikarringen i HUL viste danseglede under folkefesten på samfunnshuset til musikk av Felegruppa.

Unge aktørar underheldt

Barneleikarringen i Hellesylt Ungdomslag er aktiv under 17. mai-feiringa kvart år. Også denne gongen vart det oppvisning for pensjonærane på omsorgssenteret og under folkefesten.

Programmet på samfunnshuset inneheldt som tidlegare omtala tale for dagen av elevar frå 10. klasse, allsong og andre musikalske innslag. Felegruppa leia av Synnøve Hjellbakk Hole spela både til underhaldning og til framvisinga med barneleikarringen, og publikum fekk gjenhøyr med to skuleband som var med under musikkvelden to dagar tidlegare same stad.

Per Ingebrigt Karbø las talen som bestefar hans heldt 17. mai 1945.

Per Ingebrigt Karbø las talen som bestefar hans heldt 17. mai 1945.

Tale til kongen

Mange venta også forventningsfullt på å få høyre talen som lærar Ingebrigt Karbø skreiv og heldt på 17. mai 1945 på Hellesylt. Ingebrigt Karbø vart arrestert fordi han nekta å melde seg inn i NS-forbundet, men kom tilbake og heldt ei talen som fleire i Sunnylven huskar enno.

Søndag vart talen lesa og godt framført av barnebarnet Per Ingebrigt Karbø for eit fullsette samfunnshus. Ingebrigt Karbø var tydeleg glad og stolt av kong Haakon 7, talen var ein hyllest av Norges konge som stod fram fast og tru til landet sitt og levde opp til valspråket «Alt for Norge».

Per Ingebrigt Karbø siterte også frå dagboka til bestefar sin, der det kom fram at det fall bomber også på Karbø og steinspruten stod kring husa.

Mange pensjonærar fekk høyre Sunnylven skulekorps spele og sjå eit stort, festkledt folketog.

Mange pensjonærar fekk høyre Sunnylven skulekorps spele og sjå eit stort, festkledt folketog.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380