Flatar ut Hølsbakken
Reinene på Stadheim og Hølsbakk er marabakke der sjøen har skvalpa for nokre tusen år sidan. Bakkane vart grøne enger som eigarane hausta gode grasavlingar på, men det var bratt og tungdrive.
Geitbonde Jørn Stadheim bestemte seg for å gjere noko med dei bratte områda på garden sin. I tider då landbruksmyndigheiter stadig stiller høgare krav til effektiviteten til bøndene må det kunne nyttast moderande maskiner. Han vil parkere motorslåmaskina og «flate ut» reinene til jordbruksland for skiveslåmaskin og balgepresse, seier han.
Det er tusenvis av kubikk jord og morenemasse som blir flytta på med store gravemaskiner. Også fjell blir sprengt til småstein som blir brukt i planeringa. Den unge bonden legg ned ein stor innsats av tid og kapital for å skape seg eit drivverdig bruk og eit yrke for framtida. Han håper styresmaktene verdset innsatsen og gjev han og andre bønder levelege kår.
– Når vi er ferdige får vi 40 dekar samanhangande som kan drivast rasjonell med moderande maskiner. Økonomisk sett er det vel ikkje forsvarleg å satse så mykje tid og pengar på å flate ut, men vi må vere litt optimistiske og ha tru på framtida om jordbruket skal overleve, slår Jørn Stadheim fast.