Flott 17. mai i Sunnylven

barne -og folketoget på Hellesylt var lagt og folkerikt i godt 17. mai-ver

Barne -og folketoget på Hellesylt var langt og folkerikt i godt 17. mai-ver

Nasjonaldagen vart feira i Sunnylven på tradisjonelt vis i sol, men litt kjøleg ver. Mange slutta opp om feiringa som starta med gudsteneste i kyrkja og slutta med folkefest på samfunnshuset.

Arrangøren Sunnylven Idrottslag hadde lagt opp til eit tradisjonelt program , for feiring av 17. mai på Hellesylt, og med  innslag som kveikte nasjonalkjensla. Tradisjonen tru vart det lagt ned blomar ved minnetavla over falne i siste krig. Det stod Stian Frøysa og Anders Åsen Tryggestad frå 10. klasse for. Anders var også mellom dei fire frå klassa som heldt talen for dagen under folkefesten på samfunnshuset. Ei flott tale der dei minte om at å ha ei nasjonalkjensle og ta vare på våre nasjonale verdiar er viktig;

-På 17. mai skal vi feire at vi er eit fritt og sjølvstendig land. Slik har det ikkje alltid vore, i siste krig måtte fire sunnylvingar bøte med livet. Men i dag kan vi ete is og drikke brus og vi kan vifte med flagget vårt og rope hurra. På ein slik dag er det viktig å tenkje over kor godt vi har det i Norge og kor vakkert Norge er med fjell og fjordlandskap. Takk til alle som har bygd dette flotte landet og takk for at vi får bu på Hellesylt,-, avslutta dei fire elevane, Rikard Eide Ljøen, Hege Ringdal, Anders Åsen Tryggestad og Madelen Seline Frøysadal Hauge si reflekterte talen.

Meir kjem seinare frå 17. mai-markeringa på Hellesylt, frå ein flott dag med stemningsfull markering som Sunnylven skulekorps må få sin del av æra for. Under leiing av Trond Otto Berg serverte korpset velklingande tonar i kyrkja, under heile den lange ruta som barne og folketoget gjekk frå kyrkja til omsorgssenteret og tilbake til skulen, og under folkefesten på samfunnshuset. Det vart ein lang og sikkert slitsam dag for dei unge musikantane, men du verden kor dyktige dei er. Det er berre å gratulere korps og dirigent med godt gjennomført innsats.

Flinke festtalarar, frå venstre Rikard Eide Ljøen, Hege Ringdal Anders Åsen Tryggestad Madelen Seline Frøysadal Hauge.

Flinke festtalarar, frå venstre Rikard Eide Ljøen, Hege Ringdal, Anders Åsen Tryggestad, Madelen Seline Frøysadal Hauge.

Sunnylven skulekorps er av dei viktige og uerstattelege aktørane når sunnylvingar feirar 17. mai.

Sunnylven skulekorps er av dei viktige og uerstattelege aktørane når sunnylvingar feirar 17. mai.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380