Lokalnytt

Fotoutstilling i Peer Gynt Galleriet

Eivind Louis Helset med ein kalendar med bilete frå Hellesylt. Nærmast på veggen heng vintermotiv av Steimsnibba
Eivind Louis Helset med ein kalendar med bilete frå Hellesylt. Nærmast på veggen heng vintermotiv av Steimsnibba

Lokal fotograf Eivind Louis Helset er fyrste utstillar i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt i sommar. Alle bilete i utstillinga er lokale motiv.

Rust Foto har Eivind Louis Helset sett som namn på enkelmannsforetaket sitt. Den aller fyrste fotoutstillinga han hadde var på Verkstedet under Sommardagar på Hellesylt i 2014, og etter mange gode tilbakemeldingar vart det ny utstilling i romjula i fjor, fortel Helset.

– Eg likar å fotografere gamle, gjerne rusta ting, dei tinga har ei historie å fortelje. Det har alltid fasinert meg så mange av bileta mine er av rusta ting, seier Eivind Louis Helset som inn til no har hatt foto som hobby. Men med dei mange positive tilbakemeldingar han får kan det etter kvart bli til noko meir. Han var glad for å få tilbod om å stille ut i Peer Gynt Galleriet der han no har ni bilete som alle er til sals for rundt 800.- kroner kvar. I tillegg har han laga to kalendarar for sal, også dei rikt illustrert med bilete.

Under Hellesyltdagane 3. til 5. juli riggar Eivind Louis Helset ei ny fotoutstilling, då i den gamle ombygde bilverkstaden bak Peer Gynt Galleriet som har namnet Verkstedet, ei utstilling som vil innehalde berre nye bilete, fortel han. Men til så lenge kan alle sjå og kjøpe bilete frå Rust Foto si utstilling i Peer Gynt Galleriet.

Her har fotografen funne rust, luka ved inntaket til gamle Stadheim kraftverk.
Her har fotografen funne rust, luka ved inntaket til gamle Stadheim kraftverk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380