Friluftscamp på Åseneset

I samband med Storfjordstemnet på Kurlå inviterer Storfjordens Venner til friluftscamp for born og unge på Åseneset.
Friluftscampen på Åseneset er for born og ungdom i alder 10 – 15 år og eit arrangement i regi av Friluftsrådet i Stranda.
Til Åseneset kan ein kome seg med båt, eller til fots frå Korsbrekke. Deltakarar som vil gå til campen møter på Hellesylt stadion og gåtid der i frå er ca. 25 minutt.
På Åseneset blir det mykje spanande aktivitet i fylgje programmet. Det blir også ein liten tur på fjorden med RIB-båt.
Les: http://www.storfjordens-venner.no/
Påmelding: Innan tysdag 2. juni til Merete Løvoll Rønneberg, tlf. 993 76 585, e-post: merete@verdsarvfjord.no
Program:
Laurdag 6. juni
12.00 Frammøte ved klubbhuset/idrettsbana på Hellesylt. Vi går til Åseneset og etablerer leirplass, set opp lavvoar
13.00 Felles måltid kring bålet. Alle tek med mat til seg sjølve. Friluftsaktivitetar i regi Friluftsrådet
17.00 Mat
18.00-20.00 Leikar og aktivitetar
19.45-20.45 Tur med RIB-båt
21.00-22.30 Grilling og kos kring leirbålet
23.00 Ro for kvelden
Søndag 7. juni
08.00 Vekking
08.30 Frokost
09.00 Vi pakkar og ryddar leiren Friluftsaktivitetar med Friluftsrådet og/eller tur opp til Åsen
12.00 Avslutting av friluftscampen
13.00 Storfjordstemnet byrjar (sjå eige program)
Overnatting: I lavvo (Friluftsrådet ordnar). Ta med sovepose og liggeunderlag.
Mat: Ta med eigen grillmat til laurdag kveld, og brødmat til 3-4 måltid (sjå program).
Personleg utstyr: Vurder vêrforholda og sjå på aktivitetslista! Vindtette og vanntette klede, ullklede inst mot kroppen (også fint å sove i), klesbyte (gjerne 2 skift), joggesko og fjellsko, crocs/slippers el. til ut/inn av kajakkane, 3-4 par ullsokkar, hue og ev. hanskar?, badeklede???, toalettsaker og handkle, drikkeflaske, ev. bestikk og tallerk, lommelykt, toalettpapir, litt plaster.