Fyrste cruisebåt fredag
Fleire cruisebåtar har besøkt Geiranger alt og fredag kjem fyrste til Hellesylt. Dermed er cruisetrafikken i gong, men med litt færre anløp enn i fjor.
Det blir Black Watch som legg til som fyrste cruisebåt ved Hellesylt kai i år. Ut over sommaren får Hellesylt totalt 115 anløp og dei aller fleste legg til ved cruisekaia. Det er to mindre enn i fjor. Til Geiranger kjem det 177 båtar i fylje lista for cruiseanløp frå Stranda Hamnevesen. I 2014 vart den vakre verdsarvfjorden og Geiranger besøkt av 206 båtar.
Black Watch har 800 passasjerar og legg til kai på Hellesylt klokka 07.00 om morgonen fredag. Båten blir på Hellesylt til rundt klokka 11.00 før den går til Geiranger.
Fem dagar seinare kjem MSC Sinfonia, 275 meter lang og med 2500 passasjerar. Den båten har berre eit kort stopp på Hellesylt i fylje cruiselista, rundt ein time.
Sjå heile cruiselista på: http://www.stranda-hamnevesen.no/