Gleder seg til jobben på Hellesylt

Frå fyrstkomande torsdag opnar Monica Rødven Peer Gynt Galleriet / Hægstad Gård.

Frå fyrstkomande torsdag opnar Monica Rødven Peer Gynt Galleriet / Hægstad Gård.

Monica Rødven ser fram til å drive Peer Gynt Galleriet. Ho kjem frå jobb ved Stranda Hotell.

Monica Rødven heiter den daglege leiaren ved kunst og servicesenteret Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Ho gleder seg til å kome i gong og opne dørene for gjestar fyrstkomande torsdag 14. mai.

-Det blir spanande å få drive dette senteret her på Hellesylt med all den flotte kunsten som er her. Det gler eg meg til og eg håper mange vil kome innom, både fastbuande og turistar. Eg vil i alle høve gjere mitt for at alle skal få ei god oppleving her, både av det dei kan sjå og få smake. Det er viktig å presentere det beste, ikkje berre av natur, men også lokal, kortreist mat, seier Monica Rødven.

Ho er opphaveleg frå Nordmøre, men fann sin make i Romsdal. Dei har slått seg ned i Valldal på Sunnmøre med heim og tre born i alder frå 11 til 16 år. Til jobben på Hellesylt vil Monica dagpendle noko som tek kring 50 minutt kvar veg.

Potetball på torsdagar

Opningstider blir frå kl. 10.00 til kl. 18.00, men også lenger ved spesielle høve, seier ho. Ho ser for seg arrangement med quiz, trubadur og anna underhaldning. Og ho håper publikum vil nytte lokala ved Peer Gynt Galleriet til private feiringar som åremålsdagar, barnedåp og for den del større tilstelningar.  -Vi skal ta godt vare på alle og servere det aller beste, lovar Monica som er utdanna kokk.

Fyrste store matbord som blir sett fram er buffet under 17. mai. At ho lovar servering av potetball kvar torsdag, fyrste gong 21. mai gledar nok mange. Elles vil det bli både kjøtt, fisk og viltrettar, det kan bli suppe og gryterettar, vaflar, kaffi og kaker og mykje anna godt å finne på menyen hos oss, seier ho.

-No skal eg berre gjere meg godt kjent i huset så er vi snart i gong, seier den nye daglege leiaren Monica Rødven.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380