God fiskelukke

Det vart eit spanande og lukkeleg besøk på Hellesylt kai for ein cruiseturist torsdag.
Nesten på fyrste kast med fiskestonga var det fast fisk for ein av passasjerane om bord på cruiseskipet Empress på cruisekaia på Hellesylt. Ein stor og fin sei var fangsten for storfiskaren frå Spania, noko som sjølvsagt vart foreviga med fotoapparat av mange , også for hellesylt.info.
Indre deler av kaiområdet viste seg altså å vere eit lite «spiskammers» med sjømat. Kanskje er kaifiskarar glade for at Statens Landbruksforvaltning ikkje vil bevilge pengar til å legge dekke på resten av djupvasskaia på Hellesylt.