Lokalnytt

Har buplassar som prosjektoppgåve

Berre smil og godt humør hos flinke ryddejenter.
Berre smil og godt humør hos flinke ryddejenter.

Tysdag var elevar frå 5. 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule på Kurlå på Åseneset og rydda i saman skog som var blitt saga ned. Det var del av ei prosjektoppgåve.

Det var flittige elevar som  rydda på buplassen Kurlå tysdag. Der har Storfjordens Venner planlagt å halde sitt sommarstemne søndag 7. juni, og no utfører organisasjonen restaureringsarbeid på stovehuset som var i elendig forfatning. Dyktige handtverkarar med Kåre Løvoll som bas har fått ordna grunnmuren og ein del av reisverket er utbetra.

Om stovehuset stod til nedfalls så vaks skogen godt ikring. Den vesle buplassen ytst på Åseneset heldt på å gro igjen, det så ut for at naturen ville ha plassen tilbake med tre, kratt, lyng og bregne.

Prosjektoppgåve

Den siste tida har fleire lagt ned mange dugnadstimar og kappa ned lauvskog og einer med motorsag og tysdag kom 5.6. og 7. klasse ved Sunnylven skule for å rydde i dungar. Ein flink ryddegjeng som gjorde det aller meste på tre timar.

Dei tre klassestega har saman med sine lærarar, Arne Ringdal og Kari Hauso Stadheim valt seg  dei tre buplassane på og kring Åseneset som prosjektoppgåva. Det har blitt lagt spesiell vekt på Kurlå då denne plassen er under restaurering i år. Dei to andre stadane er Bergeplassen og Åseneset, fortel lærarane.

Fleir store risdungar vart samla saman av elevane. Stovehuset på Kurlå i bakgrunnen.
Fleir store risdungar vart samla saman av elevane. Stovehuset på Kurlå i bakgrunnen.

Teikna ned i målestokk

Gjennom prosjektet har elevane tileigna seg mykje kunnskap om dei tre buplassane. Dei har lært om kva familiar som har budd der, kva dei levde av og sett namna på gardane på kartet. I haust var alle i Hellesylt Bygdetun og såg på låven der dei gjorde seg kjende med namn på bjelkar, betar, kva ein raftestokk eller ei takstoline er og lærte namn på andre konstruksjonar i eit grindebygg.

Elevane har vore på intervjurunde hos eldre, Oskar Korsbrekke og Borghild Lillebø Hauso og fretta, spesielt om Kurlå kva folket gjorde på og kva dei levde av. Seinare har dei så vore på dei tre stadane og teke mål av murane for å teikne det ned på A4-ark i minska målestokk. Nokre elevar har også prøvd seg på å teikne husa i perspektiv, fortel dei to lærarane.

Utstilling på Fjordsenteret

Prosjektet som dei 23 elevane ved Sunnylven skule jobbar med er innom fleire fagområde, samfunnslære, naturfag, kunst og handtverk og matematikk. Eit spanande, men krevjande prosjekt som skal bli ferdig til 2016 og munne ut i ei utstilling på Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Utsikta frå Kulå blir bra den når skogen blir saga ned og elevane ryddar i hop.
Utsikta frå Kulå blir bra den når skogen blir saga ned og elevane ryddar i hop.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380