LokalnyttSætrestølar

Haugestølen

Haugestølen A

I dag presenterer vi Haugestølen, sætra for gardsbruka på Hauge.

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

HAUGESTØLEN

Nord: 6881550

Aust: 390850

Høgde: 708 moh

LANDSKAP

Sætra er austvend, og ligg heilt fremst i Haugedalen, ein hengande dal vest for

gardane Helset, Hauge og Storstein i Sunnylvsbygda. Stølen er middels stor, og ligg i

eit slakt hellande terreng. Landskapsrommet strekker seg mellom Vindsholen i nord,

Helsetkopen i aust, Frøysa i sør og den fremre delen av Haugedalen i vest. Sætra har

naturlege avgrensingar på alle kantar, enten av elver eller overgangar til merkbart

brattare terreng.

VEGETASJON

Haugestølen ligg nokså høgt over havet, og er dermed ikkje like utsett for gjengroing

som mange andre sætrer. Vegetasjonsbiletet er dominert av gras og lyngtuer, og

verkar framleis nokså intakt. Det veks i tillegg mykje bær på Haugestølen.

Haugestølen B

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

Bygningane på Haugestølen, er å finne øvst på området, og her ligg det i dag to sel og

ei nyare hytte, som alle er i god stand. Her finst i tillegg tufter etter fire andre

bygningar.

VURDERING middels verdi

Haugestølen er nokså vanskeleg tilgjengeleg langs ein bratt, men godt merka sti.

Denne går frå sætra vidare opp til Steimsnibba, som er eit svært populært turmål i

Hellesylt. Sætra ligg eksponert til, med innsyn og utsikt frå og til store delar av

Sunnylvsbygda.

MULIGHEITER middels/lite potensial

Sætra har truleg størst potensiale i samband med hyttebygging og for aktivitetar der

Steimsnibba og Haugedalen er aktuelle turområde. Bygningsstrukturen kan med

fordel fortettast, for å skape eit betre klyngepreg. Ved alle typar utbygging bør ein

vere bevisst på at området ligg svært eksponert til frå Sunnylvsbygda.

Haugestølen C

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380