LokalnyttSætrestølar

Helsetsætra

Helsetsætra A

Alle bilete er tekne i 2008.

HELSETSÆTRA

Nord: 6881200, Aust: 395450, Høgde: 743 moh.

Audun A Av: Audun Brekke Fjeldheim

LANDSKAP

Sætra er veldig lita, og ligg heilt frampå kanten av Liadalen, som er ein hengande dal

nord for Hole i Sunnylvsbygda. Helsetsætra ligg vend mot eit stort landskapsrom som

består av dalen sørover inn til Nedstevatnet, samt inngangen til Frøysadalen i vest.

Middagsnibba markerer seg i dette rommet.

VEGETASJON

Gras, lyngtuer og bregnar dominerer vegetasjonsbiletet, som er frodig og mangfaldig. I

nord går vegetasjonen gradvis over mot fjellvegetasjon, mens frå sør kryp

bjørkeskogen inn mot stølen. Gjengroinga har ikkje kome langt, men er ein trussel

mot sætermiljøet.

Helsetsætra B

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

På sætra står det i dag att eitt sel, som er i grei stand og ser ut til å vere i bruk. Ei

gamal løe ligg like ved, men denne er i svært dårleg stand og i ferd med å ramle heilt

saman. I tillegg finst her murar etter to andre bygningar. 400 m søraust for sætra står

det murar etter ytterlegare eitt bygg (mulig vårstøl).

VURDERING lav/middels verdi

Tilgangen til sætra er noko vanskeleg, langs ein bratt, godt merka sti. Plasseringa i

landskapet og utsikta mot sør, legg ei fin ramme rundt sætra, som ikkje har den store

verdien i form av å vise seg som eit sætermiljø. Bygningsforfall og få kulturminne, gjer

at stølen ikkje står fram som spesielt intakt.

MULIGHEITER lite/middels potensial

Næringsmessig har kanskje sætra eit potensiale i samband med turaktivitetar knytt til

fjellområda på sørsida av Geirangerfjorden. Helsetsætra er ein fin inngang til dette

området, der Blomberg kanskje er det mest naturlege målet. Ved eventuell utvikling

må ein ta omsyn til innsynet stølen har frå dalen nedanfor.

Helsetsætra C

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380