Lokalnytt

Høgtidsam konfirmasjon

Konfirmasjon 1

I Sunnylven kyrkje vart sju unge konfirmert søndag. Ute stråla sola på grønkande lier.

Kyrkja i Sunnylven var så godt som fullsett då seks jenter og ein gut vart konfirmert av sokneprest Stein Karstensen søndag. Det vart ein høgtidsam time med mykje vakker song og musikk der også konfirmantane tok del  i mykje. Dei las tekstar, sa fram sine eigne bøner, og dei song fyrst ein song åleine og deretter i vekselsong med kyrkjelyden.

Sokneprest Stein Karstensen heldt ei kort preike og mot slutten bad han for kvar og ein av dei sju, før dei tente sitt ljos og fekk overrekt kvar si kvit rose.

Avslutninga på ein vakker og stemningsfull konfirmasjon set kanskje lengst i minne til ein «blafyk». Som postludium spela Gunnar Inge Eide på orgel og Erik Torset på elgitar Peter Dass sin kjende «Herre Gud ditt dyre namn og ære». Det vart ei mektig instrumental framføring der dyktige musikarar leita fram tonar som svara enormt inne i den høgreiste kyrkja. Eit høgdepunkt som eg tok med heim til minneboka frå noko vakkert og stort frå konfirmasjon i Sunnylven kyrkje.

Erik Torset med elgitar nærmast og Gunnar Inge Eide ved orgelet i Sunnylven kyrkje.
Erik Torset med elgitar nærmast og Gunnar Inge Eide ved orgelet i Sunnylven kyrkje.
Framme frå venstre: Malin, Kathrine, Birgitte, Inger. Bak: Sokneprest Stein Karstensen, Brede, Julie, Gina.
Framme frå venstre: Malin, Kathrine, Birgitte, Inger. Bak: Sokneprest Stein Karstensen, Brede, Julie, Gina.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380