10. juli 2026

Holedalssetra

Holesætra 1

I dag presenterer vi ein ny sætrestøl, Holesætra. Denne sætra er i fylje bygdebok for Sunnylven og Geiranger blitt nytta som sommarseter av gardsbruk på Storstein, Frøsøye, Hole, Parr og Gjerdebakk.

HOLESÆTRA

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

Nord: 6880550

Aust: 400500

Høgde: 685 moh

LANDSKAP

Sætra ligg på ei flate like nord for elva inst i Holedalen, vest for Holedalsvatnet. Det er

ei nokså lita sæter, men med mange bygningar og inga tydeleg avgrensing.

Landskapsrommet, beståande av den inste delen av Holedalen, er stort og lukka.

VEGETASJON

Det er veldig mykje stein inne på stølsvollen, som elles er prega av mykje gras.

Vegetasjonsbiletet verkar nokså intakt, og området er i svært liten grad prega av

gjengroing.

Holesætra 2

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

Her er i dag ei klyngje av åtte intakte sel/hytter, som dannar eit spesielt og spanande

miljø, saman med to forfalne løer. I tillegg er her tufter etter ni andre bygningar, men

ingen andre tydelege kulturminne.

VURDERING middels/høg verdi

Den langstrakte klynga av hus, omgitt av mange hustufter og mykje stein, gjer at sætra

opplevast heilt spesiell og unik. Storleiken og utsjånaden på hyttene er einskapleg og

harmonisk.

Holesætra 3

MULIGHEITER middels/stort potensial

Stølen har truleg eit stort potensial i samband med næringsutvikling. Nærleiken til

fjellområda mot Geirangerfjorden, samt fine tur- og rekreasjonsmuligheiter i

nærområdet, gjev grunnlag for fleire potensielle tilbod. Sal av lokal mat og

overnattingstilbod, kan vere spanande med omsyn til dette. Sætra kan truleg fint tole

fortetting, noko som kan føre til at ho får eit endå meir heilskapleg preg. All utvikling

på Holesætra må sjåast i samanheng med utvikling på Bjørdalssætra.

Holesætra 4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →