Husdyrgjødsel, ein ressurs.
Våren er tid for utkøyring av husdyrgjødsel hos bøndene. Det meste blir køyrd i tankvogner, men no har slangespreiaren også gjort sitt inntog.
Bonde Jørgen Helset har mellom førti og femti mjølkekyr og i tillegg mykje ungdyr i fjøset. Kvart år skal fleire hundre kubikk husdyrgjødsel ut, både nær og fjern til gjenlegg og som gjødsel i grasproduksjonen. Det blir mange tankvogner å køyre, rundt 500 om han skulle tøme gjødselkjellaren, seier han.
Effektiv gjødsling
Laurdag leigde Jørgen bondekollega Jørn Stadheim med slange -og spreieutstyr for å gjødsle areala som ligg nær fjøset på Helset. Vi fekk sjå utstyret i bruk og kunne konstatere at det var effektivt. Etter at husdyrgjødsla var godt blanda i kjellaren saug ei pumpe opp den blaute gylla og ut i ein fem tommar grov slange. På Helset vart det nytta ein kilometer med slange for å nå størst mogleg av arealet.
Ny metode
I andre enden av slangen var stripespreiaren med ni meter brei spreiebom på ein traktor som køyrde og tappar gylla ut over bakken. Eit stort areal vart gjødsla med 54 kubikk på vel eit kvarters tid. Maskina har namnet Slurrikat, er Irsk produsert og kan transportere ut frå 150 til 250 kubikk husdyrgjødsel i timen alt etter kor blaut eller fast den er, fekk vi oss fortalt.
Jørn Stadheim er godt nøgd med gjødselutstyret. Det har stor kapasitet, ein unngår køyreskadar i enga, nitrogentapet blir redusert og det er mindre luktplager, seier han. For leigekøyring tek han betalt for antall kubikk gjødsel som blir spreia.
Ein ressurs
Naturgjødsel er ein ressurs, ikkje eit problem, seier dei to. Forskriftene for handtering av husdyrgjødsel tek sikte på å redusere avrenning av næringsstoff til vassdrag. Å nytte gjødsla i vekstsesongen er viktig, men også å få den på arealet utan fordamping og vekkvasking. Slangespreiing er ikkje så avhengig av veret som anna utkøyring, og lang kasting frå tankvogn med forstøving i solsteik gjer at nitrogen som finst i form av ammoniakk gjev luktplager og fordampar lett. Ved å utnytte husdyrgjødsla rett til rett tid kan ein reduserer utgifter til kjøp av mineralgjødsel.