«I kjærleikens teikn»

"Fossedur", frå høgre Erik Torset, Olav Elling Gausdal, Jostein Ringdal, Bjarne Sjåstad.

«Fossedur», frå høgre Erik Torset, Olav Elling Gausdal, Jostein Ringdal, Bjarne Sjåstad.

Fredag 15. mai inviterer fotballgruppa i Sunnylven IL til underhaldning i kjærleikens teikn på Sunnylven samfunnshus.

«Musikalsk aften i kjærleikens teikn» har fotballgruppa sett som overskrift på innbydinga som har kome i alle postkasser i Sunnylven. Alle er velkomne, også tilreisande heime på 17. mai-feiring, eller frå andre bygdelag, seier arrangøren.

I lang tid er det blitt planlagt og øvd til denne underhaldningskvelden der det blir servert go`bitar frå song og musikk av unge og eldre. Eit kor samansett av femten damer blir å høyre saman med «Fossedur», bandet som oppsto til Sommardagar på Hellesylt i fjor. Repertoaret inneheld mykje kjærleik gjennom songtekstar av mellom anna Olav Stedje, Halvdan Sivertsen, Roger Whittaker og ABBA.

Og «Fossedur» framfører fleire instrumentale låtar, kanskje har dei leita fram noteark frå The Shadows også, og vi får høyre eit ungdomsband, dyktige både i song og på sine instrument. Publikum blir også invitert til å ta del denne «kjærleikskvelden» når det blir spela opp til allsong.

Dørene opnar kl. 19.00 med sal av forfriskningar, programstart er kl. 20.30. Sal av billettar ved inngangen:

Under 18 år, kr. 100.- kun programmet.

Over 18 år, kr 250.- program og dans.

Kun dans kr. 150.-

Etter programmet spelar enterteinar Kjetil Grodås til dans. Aldersgrense på dansen er 18 år, opplyser arrangøren, fotballgruppa i Sunnylven IL.

Syngedamene blir totalt femten. Med på biletet er frå høgre; Nina, Anne Karin, Kari, Inghild, Ingelin, Oddbjørg, Ruth, Trine, Kristin. (MMS-foto: Åse Støverstein Ringdal)

Syngedamene blir totalt femten. Med på biletet er frå høgre; Nina, Anne Karin, Kari, Inghild, Ingelin, Oddbjørg, Ruth, Trine, Kristin. (MMS-foto: Åse Støverstein Ringdal)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380