LokalnyttLokalsport

I storform

Kari-Anne Tryggestad Ryste viser god form før Nibbeløpet i Geiranger 6. juni. (Arkivfoto)
Kari-Anne Tryggestad Ryste viser god form før Nibbeløpet i Geiranger 6. juni. (Arkivfoto)

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL viser storform med joggesko på beina. I løpet av to dagar sprang ho to løp, begge til pallplasseringar.

Kari-Anne Tryggestad Ryste er i storslag, truleg i si beste form nokon gong. Prestasjonane til kondisjonssterke Kari-Anne og som starta med løping for alvor i godt vaksen alder, blir lagt merke til av fleire. –Ho deltek i klasse 40 – 49 år, men skulle ha starta med løping før, meinar far Roger. Forma er i alle høve positiv god fram for den neste store styrkeprøva i Geiranger 6. juni. Der ventar 21. kilometer frå fjorden til toppen av Dalsnibba 1500 m.o.h. når ho startar på Nibbeløpet.

Blåfelden Opp

Laurdag 23. mai var Kari-Anne Tryggestad Ryste mellom vel 60 deltakarar som testa forma i bakkeløpet Blåfelden Opp i Syvde og kom i mål til tredje plass i kvinneklassa. Målområdet på fjellet Svartetua vart flytta ned frå 842 til 760 meter over havet grunna ufyselege vertilhøve med vind, regn og snø. Herreklassa vann den tidlegare storløparen i langrenn, Kristen Skjeldal.

Kleivane Rundt

To dagar etter Blåfelden Opp stilte Kari-Anne Tryggeastad Ryste til start i tur/terrengløpet Kleivane Rundt der ho vann dameklassa på 43.06. Tida var åttande beste uansett klasse. Her var det langt betre forhold enn i Syvde med litt sol og rundt 12 plussgrader.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380