Lokalnytt

Ingunn sprang åtte kilometer

Her er Ingunn Runde midt i flokken barn ho ynskjer å hjelpe (Foto: Privat)
Her er Ingunn Runde midt i flokken barn ho ynskjer å hjelpe (Foto: Privat)

Ingunn Runde sprang 8.000 meter og fekk inn 31.000.- kroner til ein barneheim i Tanzania der ho jobbar i sjukepleiepraksis.

Ingunn Runde fann ein kreativ måte å samle inn støtte til barneheimen på. Ho ville springe rundar på 500 meter kvar i 45. minutt. Gode gjevarar kunne få betale fritt det dei ville for kvar runde ho greidde å gjennomføre. Ingunn, fast spelar på jentelaget til Sunnylven i mange år viste at kondisjonen er god enno. Det vart heile 16 rundar.

For det har ho til no fått samla inn 31.000.- kroner. Ho trur den endelige summen vil bli større då det tek litt tid å få registrert alle bidrag. Ho er tydeleg både stolt og glad over det gode resultatet og takkar alle gjevarar. Og ikkje nok med det, i tillegg var ho også heldig å vinne ein pris for største innsamling. Så tusen takk til alle! skriv ho i e-post til hellesylt.info.

-Til saman fekk vi samla inn 289 000.- kroner til fleire prosjekter her nede! Målet var 60.000.- så det var heilt overveldande. Takk for støtta!, skriv Ingunn Runde til slutt.

Kontonummer for å sende bidrag til Ingunn si innsamling er: 3910.52.48532

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380