Inviterer til Open Gard

Gjætarhund i arbeid. (Illustrasjonsfoto)

Gjætarhund i arbeid. (Illustrasjonsfoto)

Komande søndag inviterer Bente, Frank og Ole Hjalmar Bonsaksen til garden på Ljøen til enkel servering og til å sjå og høyre om gjetarhundar i arbeid mellom sauer.

Frå vertskapet på Øvre Ljøen har vi fått denne orienteringa om det som skal skje, og som vi presenterer på nettsida.

-Velkomen til Gjetarhund Oppvisning på Ljøen 10.mai.

Vi gleder oss til å invitere bygdefolket til Open Gard på Øvre Ljøen søndag 10.mai kl. 15.30. Her får du sjå gjætarhundar i praktisk arbeid. Vi vil fortelle om trening og arbeid med sau og hundar, samt svare på spørsmål. Vi vil også presentere dei ulike hundane våre.  Det vert  fyr på bålpanna og servering av kaffe og sveler. Grilling av pølser, sponsa av Ole Ringdal A/S.

Alle er velkomne-.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380