15. april 2026

KJELLSTADSÆTRA

PÅ det som har vore sætervollen er ingen hus, men fleire grasartar, lyngtuer og bregner.
På det som truleg har vore sætervollen er murar etter hus, og der veks fleire grasartar, lyngtuer og bregner.

Om lag fem kilometer inne i Kjellstaddalen ligg sætrestølen for gardsbruka på Kjellstad, omkransa av høge fjell på alle kantar. Dalen er ein grasdal og husdyr spesielt sau har gode beiteområder her.

KJELLSTADSÆTRA

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

Nord: 6883000

Aust: 380300

Høgde: 500 moh

LANDSKAP

Sætra ligg på sørvestsida, langt inn i Kjellstaddalen. Dalen utgjer eit eige landskapsrom

med bratte fjellsider, og Trollaksla er eit viktig landemerke. Området har flott utsikt

både mot fjella innover i dalen og mot Tronstaddalen som ligg vis-à-vis

Kjellstaddalen. Sjølve stølen er middels stor og ligg på ein slak rygg som kjem fram i

dalen frå sørsida.

VEGETASJON

Det som truleg har vore sætervollen, dominerast av grasartar, lyngtuer og bregnar.

Her er også litt einer og bjørk, som i stadig større grad vil true kulturmarka.

Ein stor haug med stein som truleg stammar frå ei bygning.
Ein stor haug med stein som truleg stammar frå ei bygning.

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

I dag finst her berre tufter etter eitt bygg, i tillegg til ein haug med stein som truleg

stammar frå tidlegare bygningar. Øvst på vollen kan ein så vidt sjå restar etter eit

steingjerde, men dette er i stor grad inngrodd i dag. Utover dette er her ingen lett

synlege kulturminne.

VURDERING lav verdi

Tida har viska ut dei fleste spora etter Kjellstadsætra, og området har derfor ikkje særleg

verdi som sæter lenger. Likevel er her nokre interessante kulturminne, som er viktige

å ivareta. Landskapet elles i dalen er variert og urørt, noko som er ein svært verdifull

kvalitet.

MULIGHEITER lite potensial

Området har ikkje noko potensial i samband med å vise fram ein sæterstøl. Ei

utviklingsmuligheit kan vere å byggje opp noko heilt nytt i dette området, men dette

vil truleg krevje stor innsats og store inngrep. Det vil nok vere viktigare at dalen held

fram med å vere eit urørt naturområde.

Kjellstaddalen har fine grassletter og god beitemark for husdyr.
Kjellstaddalen har fine grassletter og god beitemark for husdyr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →