Kursa i tiltak ved hjartestans

Kurs 1

I samarbeid med Stranda Røde Kors arrangerte fotballgruppa i Sunnylven IL kurs i lunge og hjarteredning og bruk av hjartestartar på klubbhuset.

Per Inge Jelle frå Stranda Røde Kors var kunnskapsrik og dyktig kushaldar for deltakarane på fotballgruppa sitt kurs tysdag kveld. Det tre timar lange kurset var oppdelt i både teoretisk og praktisk undervisning med vekt på lunge og hjarteredning og bruk av hjartestartar.

Gje melding til 113

Kursdeltakarane fekk lære om teikn ein ville sjå hos personar med hjartesvikt, om pasienten var vaken, pustar, pustar ikkje, korleis huda var, om den var kald, varm eller klam kunne fortelje om kva tilstand personen var i.

Å gje melding til AMK-sentralen 113 var det fyrste og viktige ved hjartesvikt og deretter starte førstehjelp med brystkompresjon og innblåsing. 30 brystkompresjonar med ca. fem kilo trykk og to innblåsingar fleire gonger kontinuerleg til fagpersonell kom. Jelle viste korleis rett brystkompresjon skulle utførast.

Silje Stadheim var kursdeltakar. Her øver ho på brystkompresjon

Silje Stadheim var kursdeltakar. Her øver ho på brystkompresjon

Viktig

Tette blodårar var vanlegaste årsak til hjartesvikt, men også arv, kvelning og fall kunne vere årsak. – Hjartestans er ikkje ein gamalmanns-sjukdom, det kan ramme alle, sa Jelle. Han gjentok fleire gonger at det viktigaste ein kunne gjere etter å ha varsla 113 –sentralen var å starte lunge og hjarteredning med brystkompresjon og innblåsing heilt til fagpersonell kom. Om ein fekk hjelp av andre og hadde hjartestartar i nærleiken vart det ei ekstra god førstehjelp.

Det var åtte trenarar og oppmenn frå fotballgruppa som var kursdeltakarar på klubbhuset tysdag kveld. Også andre var invitert til å delta.

Vil arrangere fleire kurs

Fotballeiar Leif Rune Tryggestad har gjennomgått liknande kurs tidlegare, også i det militære. Han var glad for at han så langt ikkje hadde hatt bruk for å praktisere noko av det han har lært om lunge og hjarteredning. Han håpa han ikkje fekk bruk for det seinare heller, men såg på kurset som svært nyttig og som langt fleire burde ha gått.

-Om nokon som ikkje hadde høve til å delta denne gongen, men vil gå eit slikt kurs, vil fotballgruppa gjerne arrangere. Det er berre å ta kontakt med medlemer av fotballstyret, sa Leif Rune Tryggestad.

Per Inge Jelle frå Stranda Røde Kors var ein dyktig pedagog for dei åtte på kurset. Deltakarar var Synnøve Kjellstad, Rita R. Røyrhus, Silje Stadheim, Jorunn Trøen, Frank Øksvang, Geir Frøysa, Tor Odd Kjellstadli og Leif Rune Tryggestad.

Brystkompresjon og bruk av hjartestartar, demonstrert av Leif Rune Tryggestad t.v. og Per Inge Jelle.

Brystkompresjon og bruk av hjartestartar, demonstrert av Leif Rune Tryggestad t.v. og Per Inge Jelle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380