Lions Club med tulipanaksjon
Under tulipanaksjonen i slutten av april hadde Lions Club Hellesylt stand i sentrum. Alle bukettar vart selde.
Lions Norge sin årlege tulipanaksjon samlar inn mykje pengar som går til forebyggande arbeid mellom born og ungdom. Årleg blir det på landsplan selt rundt 860.000 tulipanar som gjev 10.5 mill kroner.
Også på stand i Hellesylt sentrum var det godt sal siste laurdag i april. Lions Club Hellesylt selde alle sine tulipanar der inntekta frå salet går til ungdom i bygda. Den lokale klubben støttar mellom anna det årlege rusfrie arrangementet under Hellesyltdagane, får vi opplyst.