
I dag presenterar vi Audun Brekke Fjeldheim sin omtale av Ljøsetra, ein sætrestøl med panoramautsikt over fjell og til der dei tre fjordane, Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden og Storfjorden møtest.
LJØSÆTRA
Nord: 6890300
Aust: 391250
Høgde: 645 moh
LANDSKAP
Ljøsætra ligg på ei lita hylle, nedanfor Sætrenibba heilt fremst i Ljødalen. Hylla
oppfattast som eit eige, lite rom, men er og ein del av eit større landskapsrom
beståande av den ytste delen av Ljødalen og inngangen til Geirangerfjorden.
VEGETASJON
Kulturmarka består i hovudsak av gras og myr. Sætra er stadvis prega av gjengroing
dominert av lyng og einer, men denne har ikkje vakse seg spesielt stor endå. Sætra ligg
høgt over havet, og vegetasjonen går gradvis over mot fjellvegetasjon.

BYGNINGAR OG KULTURMINNE
På sætra står det to eldre sel, som har vorte pussa opp (truleg på 60-70 talet), og no
står fram som hytter. Begge desse ligg godt innpå hylla, i ly for ver og vind. Lenger
frampå (aust) er det ei tidlegare jakthytte, som no er bygga på til fritidshytte. På sætra
er det òg ein utedo og det står ei driftsbu for løypestrengen/kabelbana som går til
Nedre Ljøen. Her er restar etter nokre andre bygg, samt etter eit gamalt steingjerde.
”Den Trondhjemske postveg” er eit viktig kulturminne som går gjennom området.

VURDERING høg/middels verdi
Ljøsætra ligg lunt og ueksponert til inne på hylla, men den tidlegare jakthytta ligg
veldig eksponert til, godt synleg frå fjorden og delar av riskveg 60. Postvegen som går
gjennom området er godt merka, men noko tung og bratt med over 300 meter
stigning på halvannan kilometer. Bygnings- og vegetasjonsstrukturen på sætra, er
ikkje spesielt verdifulle, men Postvegen og løypestrengen er svært viktige innslag.
Desse er unike og viktige kulturminne som gjev området ein heilt eigen karakter
samanlikna med andre sætrar.
MULIGHEITER middels potensial
Sætra har først og fremst eit potensial i å tilby noko til alle turistane som går
Postvegen. Det mest nærliggande her er kanskje lokal mat. Området har ein viktig
pedagogisk verdi, og det kunne også vere interessant å lage til noko som kan vise sætra
sin funksjon på Postvegruta.

