Lyn Ski med ny treningssamling

Lyn Ski-løparar etter Hellesyltløpet i 2012 der Ander Mølmen Høst, bak til høgre sette løyperekord med 21.16.

Lyn Ski-løparar etter Hellesyltløpet i 2012 der Ander Mølmen Høst, bak til høgre sette løyperekord med 21.16.

For fjerde år på rad kjem løparar frå junior og seniorgruppa i Lyn Ski, Oslo til Hellesylt og Sunnylven på treningssamling.

 

Frå søndag 28. juni og i ei veke vil løparar frå Lyn Ski trene i og kring Hellesylt og Sunnylven. Heile 18 junior og seniorløparar , mellom dei tre jenter har så langt meldt seg på den populære sommarsamlinga, ei treningsveke som blir avslutta med deltaking i Hellesyltløpet under Sommardagane laurdag 4. juli.

Det starta i 2012 då seniortrenar i Lyn Ski Hans Kristian Stadheim inviterte til sommarsamling i heimbygda. Etter det har antalet deltakarar halde seg tosifra, i år med minst 18 av gode og mest lovande langrennsutøvarar i Lyn Ski.

På lista over deltakarar finn vi Hans Christer Holund, sølvgrossist frå NM og nytt namn i Norges A-landslag i langrenn. Han har vore på Hellesylt under alle samlingar tidlegare. Fredrik Ole Oldereide Andersen, også på sølvlag i NM-stafetten i år kjem, men tredje mann Stian Remseth Andresen manglar. Manglar gjer også Simen Hegstad Krüger som er på samling med rekruttlandslaget same veka som sommarsamlinga på Hellesylt, og vi saknar løyperekordhaldar i Hellesyltløpet, Anders Mølmen Høst som heller ikkje er på deltakarlista.

Den storslagne naturen og fjella i Sunnylven har imponert løparane frå Oslo-klubben. Løpeturar i terreng som mot Flofjellet, Holedalen eller Moldskreddalen er opplevelsar og fine treningsøkter. Og det har gått fort i motebakkar både til Helsetkopen, Nokkenibba, Kløyvingsnibba eller Hondalsrokken. I Norangsdalen fin løparane eit flott område for å trene med rulleski, har blitt oss fortalt. God asfalt og liten trafikk er «sjeldan vare» i Oslo-området.

Deltakarar på samlinga 2015 er: Vetle Juliussen, Hans Christer Holund, Jonas Engebret Larsen, Harald Wright, Bendik P. Andersen, Stian Svendby, Sondre Grønvold, Jonas Udjus Frorud, Anders Resell, Henrik Bakke, Solveig Hegstad Krüger, Kristin Hjelstuen, Pernille Skarpenes, Johan Tjelle, Fredrik Schwencke, Fredrik Ole Oldereid Andersen, Håkon Hjelstuen. Trenar er Hans Kristian Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380