Musikalsk time med bygdas beste

Koret og Fossedur gleda og imponerte.

Koret og Fossedur gleda og imponerte.

-Vi er imponert og strålande fornøgde-. Det var den klare konklusjonen frå leiinga i fotballgruppa etter ein musikalsk suksess med lokale krefter fredag kveld.

Åse Støverstein Ringdal og Leif Rune Tryggestad kunne smile saman med 150 betalande etter at vel ein time med song og musikk frå Sunnylven sine unge og eldre og aller beste var over. Det vart ein suksesskveld som avgjort burde få sin faste plass før den store dagen 17. mai. Frå scena i Sunnylven samfunnshus vart det servert songar og musikk både på engelsk og norsk, ja også på svensk i allsong til slutt. Det klang i murveggane frå dyktige utøvarar, og  ikkje minst etter at applausen tok laust til slutt. Den ville nesten ingen ende ta.

Kulturskulen leverer

Det var unge aktørar frå Sunnylven skule som entra scena fyrst. Inger og Emilie på vokal , Hege og Ingeborg på gitar og piano sette standard og fortalde at kvelden kom til å ha mykje flott å by på. Eit nytt skuleband med Veronica, Hege, Ingelin, Johanne, Ingeborg og Erik heldt fram og gav til kjenne at det blir jobba godt innan song og musikk i kulturskulen i Stranda.

Ungdomsband frå skulen, frå venstre Inger, Emilie, Hege, Ingeborg.

Ungdomsband frå skulen, frå venstre Inger, Emilie, Hege, Ingeborg.

Ingelin Storstein Hole og Erik Torset var to som stadig entra scena og bidrog mykje.

Ingelin Storstein Hole og Erik Torset var to som stadig entra scena og bidrog mykje.

Kjærleik så mangt

Åse Støverstein Ringdal og Silje Stadheim var programvertar og batt saman innslaga med fine kommentar og forklaringar på kva kjærleik kan vere. Håpet til alle var at det var noko som skulle vare livet ut, men det kunne ende med både hat, skuffelse, glede, vonbrot og mykje meir. Publikum fekk ei forklaring på kva hjarteknusing er , og så var det lukka som vart illustrert med dikt av Inger Hagerup.

Fossedur, frå venstre Olav Elling Gausdal, Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Erik Torset.

Fossedur, frå venstre Olav Elling Gausdal, Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Erik Torset.

-Stor konsert-

Eit nytt ungdomsband med Ole Hjalmar, Gro Mari, Ingelin, Lars og Erik framførte nye friske songar både instrumentalt og vokal før bandet «Fossedur» entra scena. –He dokke det bra, det brukar dei å spørje om på alle store konsertar og dette er ein av dei store, skjemta vokalist i bandet Olav Elling Gausdal. Svaret han fekk var eit unisont ja. Og betre fekk publikum det etter kvart som Fossedur trødde i gong med Olav Elling Gausdal gitar og vokal, Bjarne Sjåstad bass, Jostein Ringdal slagverk og Erik Torset el.gitar og litt trekspel. Ein av fleire låtar som sette «fyr» i forsamlinga var «Birgit Lien» og fortalde at bandet bør vere klare for større oppdrag.

Til toppkarakter

Og applausen var like bra etter at elleva damer saman med «Fossedur» hadde framført kjærleikssongar på rekke og rad. Låtar av Olav Stedje, Halvdan Sivertsen, Roger Whittaker og ABBA var høgdepunkt som kom på rekke og rad med Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein som solistar i fleire. Dei mange låtane med «Koret» som damene kalla seg og «Fossedur» var berre knallbra. Om underteikna må velje gjev vi toppkarakteren til ABBA-låten SOS med Kristin som vokalist og med Lars Kvam Karbø på piano. Unge Lars leverte også komp til fleire låtar, mellom anna i avslutningssongen.  

Imponert og strålande nøgde

Som finale på ein på alle måtar vellukka «Musikalsk aften i kjærleikens teikn» framførte band, kor og Ole Hjalmar Bonsaksen som vokalist Bruce Springsteen sin «Pay Me My Money Down».

Heile 23 unge og eldre var på scena denne suksesskvelden der Åse og Leif Rune frå fotballgruppa delte ut raude roser til aller aktørane. –Vi er imponert og strålande nøgde, var den stutte kommentaren frå dei to. 150 personar fylte storstova i Sunnylven og mange heldt fram moroa til langt på natt med dans til musikk av entertainer Kjetil Grodås.

Med Ole Hjalmar Bonsaksen som vokalist i Pay Me My Money Down avslutta ein flott konsert

Med Ole Hjalmar Bonsaksen som vokalist i Pay Me My Money Down avslutta ein flott konsert

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380