LokalnyttSætrestølarUkategorisert

Nedstevassetra

Nedstevassætra 1

På rundturen til sætrar i Sunnylven er Nedstevassetra neste stopp, sætrestølen som ligg i fremste enden av Nedstevatnet og like inn til den populære turvegen til Flofjellet.

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

NEDSTEVASSÆTRA

Nord: 6875300

Aust: 397430

Høgde: 447 moh

LANDSKAP

Stølen er liten og ligg i ei helling ned mot sørenden av Nedstevatnet.

Landskapsrommet er trongt og langstrakt, definert av fjella på aust- og vestsida, og

eidet i sørenden av Nedstevatnet, som er golvet i dette rommet.

Nedstevassætra 3

VEGETASJON

Kulturmarka er dominert av myr og gras, men ung bjørkeskog pressar seg på og er ein

stor trussel mot stølsmiljøet. Vegetasjonen verkar frodig, men ikkje veldig mangfaldig.

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

På Nedstevassætra står det i dag fem bygningar. Her er to nyare hytter, sette opp på

gamle murar, som er i god stand. I tillegg er her to gamle sel og ei løe, men desse er

meir prega av forfall. Utover dette er her ingen tydelege kulturminne på stølsvollen.

Nedstevassætra 2

VURDERING lav/middels verdi

Sætra er eit viktig element/landemerke i dette flotte, varierte landskapet. Som sæter

har området mista noko av verdien, på grunn av gjengroing og forfall. Her er få

kulturminne, og lite att av kulturmarka.

MULIGHEITER middels potensial

Potensialet til Nedstevassætra ligg truleg i å skape eit tilbod for dei mange turistane

som kvart år går eller syklar forbi stølen, langs Flofjellsvegen. Sal av lokal mat er

kanskje mest aktuelt i denne samanheng, men her kan òg vere eit potensial i å tilby

overnatting eller ulike aktivitetar i området. Godt tilpassa utbygging vil kunne tilføre

sætra noko og forbetre opplevinga av Nedstevassætra som kulturlandskap.

Nedstevassætra 4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380