LokalnyttLokalsport

Nest best i Konradløpet

Kari-Anne Tryggestad Ryste under Ålesund maraton. (Arkivfoto)
Kari-Anne Tryggestad Ryste under Ålesund maraton. (Arkivfoto)

Berre få dagar etter at Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL fullførte Nice halvmaraton deltok ho i Konradløpet 1. mai.

Det vart litt kortare distanse i Velledalen enn i Nice sist søndag. Saman med rundt 300 deltakarar la Kari-Anne Tryggestad Ryste i veg på 4.5 km. asfalt kl. 05.00 om morgonen 1. mai. Der vart ho andre best i dameklassa på 18.28, 19 sek. bak løyperekorden som ho sette i fjor.

I år vart det ny løyperekord ved Anne Elise Ullavik Sylte, Sykkylven på tida 17.54. Herreklassa vann Jan Ketil Vinnes, 14.55, 44 sek. bak Abdullaziz Ibrahim, Strindheim IL sin løyperekord.

Arrangør av Konradløpet er Velledalen IL. På velledalen.net kan ein lese historia om Konradløpet. Det har blitt arrangert kvart år sidan 2002 og er til minne om velledalingen Konrad Brunstad. Han starta å trene i 70-års alder og lika best å gjere unna treningsturane tidleg om morgonen, då var lufta reinast. Difor startar også Konradløpet alltid tidleg, klokka 05.00. Konrad Brunstad vart 90 år gamal.

Sjå resultat her: http://www.velledalen.net

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380