Lokalnytt

NVE utset synfaring

Haugedalen
Haugedalen (Foto: Audun Brekke Fjeldheim)

Det blir inga synfaring av planlagde kraftprosjekt i Sunnylven i år. NVE har i brev til Stranda Energi AS gjeve melding om at det blir synfaring fyrst neste vår.

Markedssjef Frode Langelo i Stranda Energi opplyser at synfaringa med NVE er utsett til våren 2016. NVE vil ut over hausten sjå på søknadane som er sende inn for kraftutbygging i Sunnylven om noko manglar. Om dei er i orden blir det synfaring til våre 2016 og ein vil rekke ordninga med «grøne sertifikat» om det blir gjeve konsesjon. At synfaringa er utsett betyr ikkje noko dramatisk. seier Langelo.

Prosjekt som er aktuelle for utbygging i Sunnylven er:

Røyrhus kraftverk 6.95 GWh

Langedalselva kraftverk 20.40 GWh

Hauge kraftverk 15.50 GWh.

I tillegg er det inne søknad om utbygging av Storfossen minikraftverk (5.60 GWh) i Geiranger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380