
Styret i Sunnylven samfunnshus kallar inn til ekstraordinært årsmøte 19. mai. Selskapet er pålagt registrering i Brønnøysundregister.
Sakliste på møtet er:
*Del I: Oppløysing av eksisterande partslag, kl. 1930 – 2015
*Pause
*Del II: Skiping av ny foreining, kl. 2030 – 2130
*Del III: Diverse orienteringar, kl. 2130 – 2200
Bakgrunnen for tiltaket er at Sunnylven samfunnshus P/L er pålagt å registrere seg i Brønnøysundregisteret.
-Vi har ein del utfordringar med omsyn til oppløysing av eksisterande lag ettersom både bedrifter, organisasjonar og privatpersonar er luteigarar og /eller har eignaluter i partslaget. Det er viktig at så mange av desse som råd er møter frå og utrykkjer meininga si om det forslaget styret vil presentere, skriv leiar i styre, Inge Bjørdal i innkallinga.
Sakliste for del I: Oppløysing av Sunnylven samfunnshus PL
- Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteboka
- Godkjenning av møteinnkalling og vedtak om saklista
- Orientering om bakgrunnen for oppløysing av laget og status/oversikt over partshavarar.
- Vedtektene, og kva dei seier om oppløysing
- Styret sitt forslag til gjennomføring av oppløysinga av Sunnylven samfunnshus PL
- Vedtak om oppløysing
Sakliste for del II: Nyskiping av laget
- Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteboka
- Godkjenning av møteinnkalling og vedtak om saklista
- Tilråding frå styret om ny organisasjonsform
- Presentasjon av framlegg til nye vedtekter for laget
- Vedtak om nyskiping av laget
- Val av leiar, styremedlemer, varamedlemmer, ettersynspersonar og valnemnd 1
Det ekstraordinære årsmøtet blir halde på Sunnylven samfunnshus tysdag 19. mai kl. 19.30.