Potetball på Peer Gynt Galleriet

Potetball 2

Torsdag står potetball på menyen ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Eit måltid som mange set pris på og som blir fast kvar torsdag i sommar.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt har opna for sesongen både i galleriet og med servering i kafeen.
Kunst og servicesenteret kan by på mykje av oppleving, og komande torsdag er dagen for følsame smakssansar. Då er det potetballdag for fyrste gong denne sommaren. Og kvar torsdag framover er det lova nye gode måltid av ein av Sunnmøres mest tradisjonsrike rettar.

Om våre kjelder stemmer vil du i tillegg til potetball få servert pølse, salt kjøtt, kålrot, potet, bacon i feitt, og eit glas kulturmjølk eller saft til. Om ikkje det freistar til eit besøk i kafeen på Peer Gynt Galleriet mellom kl. 13.00 til 17.00 torsdag då….

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380