Reagerer på turistferjetakstar

Verdsarv bør vere tilgjengeleg for alle. Høge billettprisar kan hindre mange i å få sjå til dømes Dei Sju Systre.

Verdsarv bør vere tilgjengeleg for alle. Høge billettprisar kan hindre mange i å få sjå til dømes Dei Sju Systre.

 Stranda kommune reagerer negativt på den store prisauken som er foreslått på turistferja mellom Hellesylt og Geiranger.

Ordførar og Næringssjef i Stranda kommune har sendt ein uttale til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal Fylkeskommune i høve dei auka prisane som er innført på turistferja mellom Hellesylt og Geiranger. Ruta starta 1. mai med dei nye takstane frå fyrste avgang.

Ordførar Jan Ove Tryggestad og Næringssjef Inge Bjørdal skriv i brevet at prosessen kring takstauken på ferjesambandet Hellesylt – Geiranger ikkje er tilfredsstillande. Dei vonar at samferdselsutvalet tek skritt for å tilpasse prisutviklinga til eit rimeleg nivå. I brevet blir dei nye takstane lista opp, prisar for passasjerar og køyrety som er 50 prosent og meir over takstane frå i fjor.

Øydeleggjande prisar

Dei skriv at prisauken ein no har lagt seg på vil bli heilt øydeleggjande for turistruta på Geiranger/Sunnylvsfjorden, ei rute som representerer noko av dei lengste og mest innarbeida tradisjonar for reiselivet i Stranda kommune/regionen.

Det heiter vidare at ferjetilbodet heller ikkje er vesentleg endra frå tidlegare og at takstane såleis ikkje kan forsvarast ut frå å vere eit forbetra produkt.

Ferjeruta Hellesylt – Geiranger er i tillegg til å vere ei turistrute eit heilt sentralt ferjesamband og ei viktig transportåre sommarstid, og kan ikkje samanliknast med turistferja på Nærøyfjorden, heiter det. Der driv det nye selskapet The Fjords si andre turistrute med prisar som også er betydeleg auka frå i fjor.

Ikkje på høyring

I brevet som er sendt 29. april blir det til slutt peika på ein annan mangel i saksgangen, nemleg at høyringsrunden er forbigått.

-Ei takstendring som har slike dimensjonar som dette bør sjølvsagt leggjast fram for dei berørte kommunane for uttale. Det har ikkje skjedd i denne saka-.

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal Fylkeskommune har møte 5. mai der denne saka kjem til behandling.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380