Slo leir ved Nedstevatnet
Ei gruppe speidarar frå Skodje er på tur til Hellesylt og Sunnylven denne helga. Dei slo leir ved Nedstevatnet.
Det var sesongavslutning for Fyrste Skodje KFUM/KFUK Speidarane denne helga, og i det høve hadde fire unge og to litt eldre leiarar, Nils Oddvar og Inger Ann Halleland teke turen til Sunnylven og mot Flofjellet. Ved Nedstevatnet hadde dei slått leir og rigga ein stor, flott lavvo og to mindre telt. Der var base for laurdagskvelden og natt til søndag, då var det heimreis med sykkeltur frå Nedstevatnet og til Hellesylt.
Tidlegare på dag hadde dei lengta turen til Stigholen der dei mellom anna hadde møtt på ein svært så nyfiken røyskatt, kunne dei fortelje.
Då vi kom innom var førebuingane til dagens middag i full gang. Det skulle bli betasuppe med masse gode grønnsaker og med oppkutta, heimelaga mørpølse. Det såg fristande godt ut.
Speidarklubben på Skodje starta opp i 1970. Med åra har talet på medlemer variert, fortalde Nils Oddvar Halleland. Klubben har i dag få eldre, men rundt 40 småspeidarar er med så den vil nok leve vidare. Også på Skodje har ungdomen mange fritidstilbod, fortalde Halleland.
No blir det sommarferie på Skodjespeidarane fram til august/september, då startar eit nytt speidarår med kveldsmøte og utflukter kvar månad, fekk vi oss fortalt.