Stortap for damelaget

Lillian Aasheim er fortsatt god i mål for damelaget.

Lillian Aasheim er fortsatt god i mål for damelaget. (Arkivfoto)

Sunnylven/Stranda damelag møtte serieleiar Herd på Stranda stadion tysdag. Det vart braktap 1-9.

Herd sitt 3. div. damer dominerte kampen frå avspark. Det stod 1-5 ved pause, der Vilde Hjelle sette inn heimelaget siitt mål.

I andre halvdel la gjestane på med fire nye mål og dermed vart sluttresultatet 1-9. Herd var eit godt lag som satsar på opprykk og vann fortent på Stranda stadion.

Samarbeidslaget har få spelarar frå Sunnylven, fortel Kirsti Frøysadal Hauge. Mot Herd var Kristin Ringdal med, Kirsti spela vel ein omgang og Lillian Aasheim stod i mål i andre halvdel. Veteranen storspela mellom stengene og hindra eit to-sifra tap. Ho var heimelaget sin beste i denne kampen. Også Gro Mari Langleite er med i spelarstallen, og tidlegare storspelar på damelaget Sandra Kammen har leita fram fotballskorne igjen. Kanskje gjer også Linn Kammen det same om ikkje så lenge, seier Kirsti Frøysadal Hauge.

Dei fleste heimekampane til damelaget blir spela på Stranda stadion. Laurdag 6. juni spelar Sunnylven/Stranda mot Åheim/Selje på Hellesylt stadion.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380