Suksess for Open Gard på Øvre Ljøen

Bente Bonsaksen i sin gjætarstakk og med hunden Joy ved si side ønska over 70 vel møtt til Open Gard søndag.

Bente Bonsaksen i sin gjætarstakk og med hunden Joy ved si side ønska over 70 vel møtt til Open Gard søndag.

På Øvre Ljøen var flagget heisa til topps då husfolket tok mot unge og eldre til Open Gard søndag.

Det vart stort frammøte, meir enn dei hadde håpa på, men det tykte Bente Bonsaksen var svært kjekt. I tunet på Øvre Ljøen stilte ho i sin gjætarstakk og helse over 70 vel møtt til vising og demonstrasjon i bruk av gjætarhundar.

Buskapen på Øvre Ljøen tel kring 50 lammesauer og fleire lama. I tillegg har dei sju gjætarhundar av rasen Border Collie, fire av dei er unge under opplæring, medan tre eldre vart vist i bruk og imponerte med å lede saueflokken dit den skulle.

Gjætarhunden Kapo i arbeid

Gjætarhunden Kapo i arbeid

Gode gjætarar

Dei tre hundeeigarane har kvar sin gjætarhund dei styrer med. Kapo heiter Frank sin og er ti år. Like gamal er Joy som er Bente sin, medan Ole Hjalmar styrer med to år gamle Tess.

Fyrst ut var Kapo som henta sauene i frå fjøset og leia dei til eit beite. Der skulle han få alle inn i ei innhegning som var sett opp. Kapo greidde jobben til applaus frå mange imponerte.

Joy fekk ei like vanskeleg oppdrag. Eine sauen var merka med raudt band som skulle vise at den var skada. Den skulle Joy skilje frå. Slett inga lett oppgåve, men den ti år gamle «dama» greidde det.

Ole Hjalmar sin Tess viste kor god høyrsel ein hund har. Den gjette sauene fram og tilbake på beitet til lavmelte ordrar frå eigaren. Imponerande å sjå og oppleve dei følsame sansar ein hundar har.

Open gard 3

Cruisebesøk avlyste

Gjætarhundar har blitt ein stor hobby for dei tre på Øvre Ljøen. Joy gjorde det godt og vart nummer to i kvalifisering til NM i fjor, men i finalen gjekk det ikkje så bra, fortalde Bente. Om fire dagar dreg dei på ny konkurranse på Tynes i Sykkylven. Arrangør der er Indre Sunnmøre Gjætarhundlag. Vertsfolket på Øvre Ljøen håper å kunne gjere meir ut av å drive med sau og eige gjætarhundar. I år hadde dei avtale om besøk frå fem cruiseskip med servering og liknande demonstrasjon som søndag. Også utsikta frå Ljøen må vere ei god salsvare. Men besøk og rundturar som også skulle gå til Ura i Norangsdalen og tilbake til Hellesylt, er blitt avlyste, fortalde Frank Bonsaksen. –Vi håper å få det til neste sommar, sa han til hellesylt.info.

Mange kom og fekk ein fin dag på Øvre Ljøen hos gardsfolket der.

Mange kom og fekk ein fin dag på Øvre Ljøen hos gardsfolket der.

Utflukt til Ljøen

Mellom mange frammøtte var også fleire bebuarar frå Sunnylven omsorgssenter. Etter samling på omsorgssenteret der pensjonistlaget til ein god prat med kvar enkelt spanderte kaffi, is, brus og sjokolade, vart 11 av dei frakta til Open Gard av medlemer frå Sunnylven Pensjonistlag og med bil frå Røde Kors hjelpekorps og sjåfør Jan Arve Lyse. Eit tiltak og ei utflukt dei sette pris på.

På tunet på Ljøen hang kaffikjelen over bålpanna, det vart servert svele med smørkrem laga på kjøkkenet på Øvre Ljøen, og til sist var det grilling av pølse, spandert av Ole Ringdal AS på Hellesylt. Open Gard på Ljøen var på alle måtar ein suksess.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380